Historie

Lagsskipnaden i Åsane

Den 10. november 1946 hadde Johannes Husdal fått i stand eit møte i ÅSATUN, møtehuset til Åsane bonde- og småbrukarlag, og tala om at Kyrkjekrinsen burde ha eit frilyndt ungdomslag.
Møtelyden var velviljug til tanken, og det vart valt ei nemnd til å koma med lov-framlegg.
Den 24. november vart det skipingsmøte.
15 personar var møtt fram, og alle skreiv seg som lagsfolk og vedtok lov for laget.

Til formann vart vald Johannes Husdal mot 1 røyst, hans eiga.
I styret kom Anders Angeltveit, Jens Birkeland, Olav Hjortland og Borghild Lynum.

Dei andre lagsfolka som vart med frå skipningsdagen var Alfred Saurås, Oddbjørg Lynum, Ola Flaktveit, Einar Husdal, Nils Kleppe, Kjetil Husdal, Signe Husdal.
Sigmund Husdal, Sigvart Hjortland og Bjarne Husdal.

Lagspengane vart førebels sett til 3 kroner året.
Det vart vedteke at laget skulle ha handskrive blad.
Alt på det fyrste styremøtet bar formannen fram tanken om å få ein studiering i laget og sa seg viljug til å gjeva ei utgreiing i lagsmøte om korleis ein slik ring arbeider.
Det fyrste vanlege møtet i laget vart halde 8. desember.